GURU KUNNA ANNO 2000
DETTE ER EN HISTORIE SKREVET AV ANNE.
Det hadde seg slik at Hinmannen med følge av to Annesauer grunnstøtte på et skjær i Havsundet på Tarve i det herrens år 2000. Skjæret ble dermed omdøpt til Anneskjæret. Dette er foranledningen til følgende historie:
Gjengangarsauene på Anneskjæret.
Det var seg ein gong at dei to gilde døtrene til Stavsjøgygra skulle segla til Gimsan i gjestebod. Anne og Anne heitte dei to. Undervegs kom dei i krangel om kven av dei som skulle ha høvedsmannen i senga om natta. Alt dei slost og akkederte, så vart dei ikkje samde. Til slutt tok dei høvedsmannen i broka og nakkeskinnet og heiv han over ripa. Så var dei ferdige med den saka.
Det hadde vore berre fine veret utigjennom fjorden, men då dei nærma seg Tarva nord for Ørlandet, vart det iet ofseleg ruskever. Då sørgde dei fælt over høvedsmannen dei miste.
Nå hadde det seg slik at ho Guru Kunna og mannen hennar, han Anfinn, låg med storbåten under Svinøya akkurat då. Dei hadde sauer på beite der, og hadde segla inn frå Utfrovær for å sjå til dei. Ho Guru hadde nett fått seg ein ny høvedsmann, og han var så stor og gjæv ein kar at det gjekk gjetord om han, like inn i Trondheimen. Storm heitte han, og segle kunne han. Denne karen ville dei ha, gygredøtrene, til å ta dei over til Halten.
Dei gjekk inn til Gurihavna, og sidan dei var av skyldfolket hans Anfinn, vart dei tekne vel imot. Guru varta opp, og trakterte med både vått og tørt.
Ut på kvelden vart dei alle lystige, og til sist somna både ho Guru og han Anfinn. Dei to søstrene hadde lura ein sovedrikk i ølet deira.
No sette dei trolldom på høvedsmann Storm, og lokka han med seg i båten. Det var god bør utigjennom Havsundet, men nett som dei kom ut for Myravågen, fekk dei høyra eit svare leven. Det var ho Guru Kunna som hadde vakna, og no forsto ho at ho hadde blitt lurt.
Ho var så eitrande sint at bårene braut skumkvite oppetter berga. Den svarte ullstakken hennar sto som eit storsegl mot vinden då ho tok den eine treskoen og kasta etter rømlingane. "Her ute skal du stå i stein til evig tid, du utru høvedsmann!" skreik ho. Og så skjedde Høvedsmann Storm vart til eit skjær der ute mellom holmane. Så kasta Guru den andre treskoen, og brått dukka det opp to forhutla grå sauer på skjæret. Dei to gygredøtrene var borte for godt.
Ho Guru Kunna vart brend på bålet ute på Gimsan mange år seinare, men Anneskjæret ligg den dag i dag på same staden, akkurat der Myravågen møter Havsundet. Kjem du seglande forbi ein uversdag, kan det hende du ser dei to grå sauane som hutrar seg saman der ute. Då skal du ta deg i akt, for dei vil prøve å lokke til seg både båt og høvedsmann. Dei skal til Gimsan i gjestebod må vite.
Copyright © 2009 Evylyn Altø. Bildene er stort sett tatt av og eies av Evylyn Altø og Synnøve Holmen Kalvå. Bakgrunnsbildet er laget av kunstneren Aud Lilleengen fra Ørland.